Laurdag 4. september 2010 kl 00:01   Temperatur: -3°C
Tenester
Kultur
Om Volda
Volda Online

Søk i artikkelarkivet:  

Om Volda kommune


Utsyn over Volda sentrum ein maidag 2006. Til venstre ser vi Rotsethornet.

Fakta om Volda kommune:
Innbyggjarar: 8.322 (2006)
Areal: 547 km2
Kommunenr: 1519
Ordførar: Ragnhild Aarflot
Kalland (SP)
Målform: Nynorsk
Kommunevåpen: Pennesplitt
Kjelde: SSB.


Volda kommune er ei kommune lokalisert heilt sør i Møre og Romsdal fylke. Kommuna grensar til kommunane Ørsta, Hornindal, Eid og Vanylven.

Tre fjordar strekk seg ut i frå Voldsfjorden; Austefjorden, Kilsfjorden og Dalsfjorden. Rundt Dalsfjorden finn vi bygdene Velsvik, Lauvstad, Dravlaus, Innselset, Åmelfot, Steinsvik og Dale. Rundt Austefjorden finn vi bygdene Hjartåbygda, Kalvatn, Høydal og Kilsfjorden med Bjørrneset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen.

To bilferger trafikkerar Voldsfjorden og knyt Folkestad og Lauvstad saman med Volda sentrum. E39 går gjennom Volda kommune via fergestrekninga Volda - Folkestad.

I utkanten vest for Volda sentrum i retning Ørsta finn vi bygdene Mork og Egset.

Furene som ligg like nord for Mork er eit industriområde som vert eit viktig trafikknutepunkt når Eiksundsambandet som skal knyte øykommunane saman med fastlandet står ferdig i slutten av 2007.

I Hovdebygda mellom Ørsta og Volda ligg ein del kultur, handel og industribygg som er nøytralt plassert mellom dei to kommunene. Mellom anna er lokalflyplassen Ørsta/Volda Lufthamn, Aasen-tunet og Vinmonopolet lokalisert her.


Kart over Volda kommune. (Google Maps)

Volda kommune har eit rikt studentliv. Høgskulen i Volda har omlag 3.000 studentar som set sitt preg på bygda. Dei største linjene ved høgskulen er lærarutdanning, animasjon og journalistikk.

Studentane arrangerar fleire årlege festivalar, mellom anna Studentveka og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.

Studentuhuset Rokken vart opna i 2005, og er ein populær samlingsstad for både studentar og fastbuande.


Høgskulen i Volda - Berte Kanutte-bygget.

Meir informasjon om Volda:

Dagens bilete:

Webkamera:
Voldaveiret.no:
Høgskulen i Volda:
Til toppen av sida
            Copyright 1999 © 2007 Kjell Arne Steinsvik / Volda Online.·
Warning: mysql_num_rows(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /home/kjestein/domains/volda.org/public_html/counter.php on line 6

Warning: mysql_fetch_array(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /home/kjestein/domains/volda.org/public_html/counter.php on line 12
0