Tenester Kultur Om Volda Volda Online
|
Teikneseriekjendisen
I seks år har Torbjørn Lien arbeidd med teikneserien «Kollektivet» ved sidan av jobben som animasjonslærar ved Høgskulen. No er han aktuell med si første samlebok og snart ny serie.
 |
| * Torbjørn Lien teiknar ei stripe til serien "Kollektivet" |
I eit lite teiknestudio på loftet sitt i Vikebygda har Torbjørn Lien skapt ein teikneserieverden som etter kvart har oppnådd stor nasjonal suksess. Gjennom teikneserien «Kollektivet» formidlar han kvardagen til karakterane Ronny, Mounir, Gry, Emma, Tobben, Kisse og mange andre fargerike figurar.
Serien har i løpet av dei seks åra han har teikna den vorte ein av dei mest etablerte teikneseriane i Noreg. Serien har vore utfordrarserie i Aftenposten i eitt og eit halvt år og går fast i teikneserieheftet «Larsons Gale Verden». Mange har nok sett serien, men kanskje utan å vite at den er ei eksportvare frå Volda.
Men «Kollektivet» er ikkje den første teikneserien til Lien. På heimesidene kan ein beskue dei tidlegare eksperimentelle seriane. Men det var først med «Kollektivet» den kommerielle suksessen kom, og den har han heldt på med sidan den starta som gjesteserie i «Larsons Gale Verden» i 2000.
Sjølv om «Kollektivet» nok er den største serien, produserar Lien også andre seriar. «Mannakorn» er ei samling utvalde bibelsitat illustrert med humoristiske teikningar. Denne serien går fast i avisa Vårt Land, og er i tillegg utgjeve som ei eiga bok.
Ny serie
No kan Lien avsløre at ein ny serie er på teiknebrettet. Serien vil først og fremst omhandle karakteren Ronny, ein av hovudpersonane i Kollektivet. Ronny spelar i black metal-bandet Blacktööth og lever eit liv fylt med damer, svartmetall og fuktige netter på byen.
I tillegg er eit utkast til enno ein serie i tenkeboksen, utan at Lien vil avsløre nærare detaljar kring den enno.
Teiknaren sjølv fortel at Kollektivet tek opp ein god porsjon av fritida.
-Det går mykje tid. Det er mest ei heil stilling. Eg har det i hovudet heile tida, og når det er deadline kan det gå døgnet rundt, fortel Lien.
Teiknar ikkje vennane
Mange har nok undra seg på om handlingane og karakterane i serien har rot i verkelegheita, noko Lien kan både bekrefte og avkrefte.
-Eg har dagleg kontakt med studentar og kan få idéar, men eg dreg aldri inn konkrete personar i serien, understrekar han.
-Teiknar du av og til inn litt inside-humor?
-Nei eg prøvar å unngå inside-humor, men det kan hende at nokon kan kjenne att situasjonen. Av og til kan det vere at eg teiknar meg sjølv inn i situasjonar, seier Lien.
Serien har eit persongalleri med karakterar som kjem og går, omtrent som i såpeseriane på TV. Og planlegginga med storylinjer med utbytting av karakterane er ganske lik.
-Det er eit kontrastfylt persongalleri, men faren er at det vert for mange. Eg har fasa ut saueklipparen [«Jens» i serien, red. anm.] inntil vidare ved å sende han til Guantanamo, og Kisse vert ein biperson framover. Faren med ein slik serie er at karakterane kan verte eindimensjonale, fortel Lien.
-Hender det at du går tom for idéar?
-Ja, nokre gongar kjem det mange idéar, medan andre gongar må ein vente i dagesvis. Men eg jobbar i hovudet. Eg går ut, går kanskje på ein fest, møter folk, og då kjem idéane. Eg har eit mentalt bibliotek å ta av. Grunnidéen til ei stripe kan vere brukt før, men ein kan variere settingen og samanhengen.
Fargelagt i utlandet
Kvar jul slepp Lien eit julehefte med ei samanhengande historie, noko han har fått god respons på. I tillegg kjem det eit album rundt seinsommaren. Hittil har han produsert ti slike album, og enno eit kjem til jul.
-Eg får ein del tilbakemeldingar, og det er kjekt. Nokre ber og om teikningar, seier han, og legg til at han produserar så mange «bestillingsverk» han har kapasitet til, sjølv om det enkelte gongar kan verte ganske mange samstundes.
Bestillingsverka og nokre lokalavisstriper er forøvrig dei einaste han fargelegg sjølv, fortel han. Stripene som går i seriehefta vert nemleg teikna i svart-kvitt for så å verte scanna inn og sendt til forlaget, som igjen vidaresendar dei til Baltikum der eit profesjonelt studio fargelegg teikningane.
-Eg gjev ein peikepinn på kva fargar et vil ha, men det har skjedd feil eit par gongar, mellom anna har Ronny fått hudfarge i nokre ruter. Men i albuma får eg kontrollsjekke det først, smiler Torbjørn.
Fortsett ei stund til
Nyleg kom den første hardback samleboka med tittelen «Masse pils og litt pizza» ut, og han ser ikkje vekk i frå at det vert det einaste.
-Forlaget skreiv «1» på ryggen av det, så dei reknar med det kjem fleire.
Kva framtida vil bringe for serien er framleis uklart, sjølv om Lien innrømmer at han har byrja å tenke litt på avslutninga.
-Eg har tenkt litt på korleis eg skal avslutte. Eg har ingen konkrete planar om å avslutte enno, men eg skal avslutte med stil. Eg vil nok halde fram nokre år til, men opplever eg at serien stagnerar, avsluttar eg, seier han.
Samstundes vil han no konsentrere seg ein del om den nye serien som omhandlar Ronny og dei to bandmedlemmane hans i heavy metal-gruppa «Blacktööth».
-I Kollektivet har dei berre gjesteopptredenar, men i den nye serien vert dei hovudpersonane, avslørar han.
|
|
« Attende
|
 |
|
|