Tenester Kultur Om Volda Volda Online
|
Stor redningsøving ved flyplassen
Eit fly på veg frå Oslo til Hovden hamna utanfor rullebana og tok fyr. Dette var bakteppet for årets beredskapsøving ved flyplassen.
Klokka 17:55 gjekk den fiktive alarmen om at eit fly med 22 passasjerar og tre besetningsmedlemar hadde styrta ved flyplassen i Hovdebygda. Utrykningspersonell frå både flyplassen, Ørsta og Volda var kjapt ute på staden og fekk kontroll på flammane.
Målet med øvinga var å teste ut beredskapen i distriktet i tilfelle ei ekte flyulukke. Det er eit krav at ei slik øving vert gjennomført annan kvart år på flyplassane i Noreg.
To gamle bilvrak og nokre presenningar utgjorde flyvraket som inneheldt 19 passasjerar, samstundes som det låg passasjerar i området rundt vraket.
Etter kvart som utrykningspersonellet frå dei ulike instansane kom til staden, vart det øvd på å koordinere og organisere leiinga av redningsarbeidet.
-Målet med øvinga er å teste samarbeidet i leiinga og avdekke svakheiter i ein havariplan, fortalde Roar Gjerde i ambulansetenesta, som og var med å arrangere øvinga.
Legar, ambulansepersonell, politi, Røde Kors og alt som var av brannmannskap i Ørsta og Volda vart kalla ut til ulukka, og det vart oppretta mottak for pårørande ved ankomsthallen av omsorgsgruppa.
I tillegg til å ta seg av skadde og døde frå flykrasjet, måtte personellet handtere pårørande og pressefolk som vandra rundt på ulukkesstaden.
|
|
« Attende
|
 |
|
|