Fredag 3. september 2010 kl 23:54   Temperatur: -3°C
Tenester
Kultur
Om Volda
Volda Online

Søk i artikkelarkivet:  

Kraftig auke i passasjertrafikken

Av: Kjell Arne Steinsvik (Publisert måndag 02/04/07)

Flytrafikken frå Hovden vert høgare og høgare. Tala for mars månad syner ei auke på heile 22,9% i høve same månad i fjor.

Tala som vart offentleggjorde søndag syner at 4.551 passasjerar var innom Ørsta Volda lufthamn Hovden i mars. Det er ei auke på 848 passasjerar i høve same månad i fjor.

Også i februar var det kraftig auke i passasjertrafikken, med ei auke på 603 passasjerar (17,5%).

Totalt reiste 1.910 fleire passasjerar via Hovden dei første tre månadane i år enn i fjor.

 

Kommentarar til saka (8):

Innlagt av: Tofte:
Flott med auke, og glimrandes at me har ein flyplass so sentralt. Men, dette må nå vere med på å auke tilbodet også? Tenkjer då spesielt på fly som går til og frå Gerdermoen. Går ingen direktefly frå Gardermoen etter klokke fire,,, det bør gjerast noko med.!!!
Innlagt av: Ørsting:
Kjekt at dåkke vise slik interesse for flyplassen vår.
Innlagt av: Tofte:
Å du din luring, ;)
Innlagt av: Petter Smart:
Ja no må Widerøe sette opp fleire fly til oslo, for snart kjem me frå ytre strok susande ut gjennom tunellen. Gidd ikkje å reise til Vigra meir.
Innlagt av: Riktig!:
Reknar med at folk fra Fosnavågen, Hareid, Ulsteinvik og alle plassane uti der kjem til å ta fly fra Hovden så fort tunnelen åpnar.
Det blir veldig mykje enklare å reise hit for å ta fly for dei.
So eg gir berre tommelen opp for fleire parkeringsplassar og meir flyavgangar i framtida :)
Innlagt av: Kristian:
Det er bra med auke i flytrafikken. Kanskje det no er på tide med ei direkterute til Bergen. For dei som reiser sørover ville det korta ned reisetia
Innlagt av: Arild:
Jess då, Utvid flyplassen å få meir fly ;)
Innlagt av: May:
Fly til TRONDHEIM!!!!

Kommenter denne saka:
(Du må vente minst 10 sekund før du kan legge inn kommentar, og du kan ikkje skrive "http://" i teksten. Dette for å forhindre reklame.)
Ditt namn:
Din kommentar:

« Attende

Dagens bilete:

Webkamera:
Voldaveiret.no:
Høgskulen i Volda:
Til toppen av sida
            Copyright 1999 © 2007 Kjell Arne Steinsvik / Volda Online.·
Warning: mysql_num_rows(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /home/kjestein/domains/volda.org/public_html/counter.php on line 6

Warning: mysql_fetch_array(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /home/kjestein/domains/volda.org/public_html/counter.php on line 12
0