Innhald
|
Dragetreneren
Aldersgrense:
7 år
|
Filmnr 0877
***VERDSPREMIERE*** Frå studioet som laga "Shrek", "Madagskar" og "Kung Fu Panda" kjem no filmen "Dragetreneren" ("How to Train Your Dragon"). Denne familiefilmen går for seg i ei mytisk verd med tøffe vikingar og flammepustande drakar, og er basert på ei bok av Cressida Cowell. I sentrum for denne historia finn me tenåringsguten Hikken som bur på Berkøy der det å slåst med drakar er ein daglegdags aktivitet. Den litt merkelege humoren til denne tenåringen vert ikkje godt motteken av resten av vikingsamfunnet eller av vikinghøvdingen, som tilfeldigvis er far til Hikken, Steinur Digre. Då Hikken vert inkludert i draketreninga saman med dei andre tenåringane i vikingsamfunnet - Astrid, Snytulf, Fiskebein og tvillingane Røffa og Tøffen - augnar han sjansen til å prove at han har det som trengst for å bli ein krigar. Då han møter, og til slutt vert ven med, ein skadd drake, endrar verda hans seg drastisk. Det som i starten var Hikkens sjanse til å prøve styrken sin, endar opp som eit grunnlag for å forandre framtida til vikingsamfunnet for alltid. ALLE SNAKKAR NORSK! 1t 37 min |
|
| |
 |
 |
| |
| <<< Tilbake til filmlista |
|
Filmar i september 2010
Oktober
|