Filmnr 0865 Heile Noregs favoritt politibil er attende! I "Pelle Politibil går i vannet" tek den kjære vennen vår opp kampen med dei sleipe miljøforbrytarane brørne Grevling, saman med si vesle venninne Oda Oter. I ein veldig hauststorm ryk straumkabelen som forsyner Bodø by med elektrisitet. Pelle Politibil tek ansvar og slepar ein ny kabel over fjellet mot ver og vind så byen kan få attende lys og varme. Men når arbeidet er gjort, ryggjer Pelle inn i den avrivne kabelen. Han får elektrosjokk. Alle trur Pelle er død. Men nok ein gong skjer eit mirakel. Pelle vaknar, men no er han elektrisk. Full av ny rein energi tek Pelle no opp kampen mot brørne Grevling - to sleipe fyrar som har kome til den nordnorske byen for å stele drikkevatnet til innbyggjarane. Brørne Grevling tappar vatnet på flasker og sel det dyrt til folk i byen i den drepande sommarvarmen. I kompaniskap med si vesle venninne, Oda Oter, avslører Pelle det hemmelege vasstapperiet inne i fjellet, men det blir ein lang og dramatisk kamp før Pelle kan ta det endelege oppgjeret med miljøforbrytarane. 1t 14 min.