Innhald
|
AVATAR
Aldersgrense:
11 år
|
Filmnr 0862
I dette fantastiske handlingseventyret tek skaparen av Titanic, James Cameron, oss med til ei ny og fantastisk verd. Filmen vart fyrst påtenkt av Cameron for 14 år sidan, då midlane for å gjennomføre eit slikt prosjekt ikkje eksisterte. No etter fire år med produksjon leverer AVATAR ei heilt ny filmatisk oppleving. Her går den banebrytande teknologien som er oppfunnen for å laga filmen, rett inn i forteljinga i filmen. Jake Sully (Sam Wortington), ein tidlegare marinesoldat som no er bunden til ein rullestol, blir rekruttert til å reise lysår unna til den fjerne månen Pandora. Her får Jake i oppdrag å vera med å kjempe ein kamp for å få tak i eit sjeldan mineral som kan berge energikrisa på jorda. Fordi atmosfæren på Pandora er giftig, har det vorte laga eit eige avatar program, der menneske blir kopla til medvitet til ein avatar. Desse avatarane er genetiske hybridar mellom menneskeleg DNA blanda med DNA av dei innfødde på Pandora, kalla na'vi. Gjenfødd i sin avatar kan Jake endeleg gå att. Han får i oppdrag å infiltrere dei innfødde, då dei er eit stort hinder for å få tak i det dyrebare mineralet. Men når ein vakker kvinneleg na'vi (Sigourney Weaver) bergar livet til Jake, blir alt forandra. Han blir bergteken av klanen hennar, og vel å leie kampen deira for å berge ein heil sivilisasjon. 2t 41 min |
|
| |
 |
 |
| |
| <<< Tilbake til filmlista |
|
Filmar i september 2010
Oktober
|