Volda Filmteater
Innhald
· Framside
· Program
· Filmarkiv
· Linkar
· Kontakt oss

SMS-varsling

Meld meg:
På Av 
Ditt mobilnummer:

Twilight - New Moon


Aldersgrense:
11 år
Filmnr 0852
I andre avsnittet av den fenomenalt suksessrike Twilight-serien til Stephenie Meyer, stig romansen mellom dødeleg og vampyr når Bella Swan (Kristen Stewart) dykkar djupare ned i mysteria i den overnaturlege verda ho lengtar så etter å bli ein del av - og snart er ho i større fare enn nokon gong. Etter den dramatiske 18-årsfeiringa til Bella reiser Edward Cullen (Robert Pattinson) og familien hans frå den vesle byen Forks i Washington i eit forsøk på å verne henne mot farane i denne verda. Når den sorgtyngde Bella sosar mållaust gjennom det siste skuleåret, nomen og aleine, oppdagar ho at biletet av Edward kjem til henne kvar gong ho set seg sjølv i fare. Hennar lengt etter å koma attende til han, gjer at ho tek stadig større sjansar. Når eit tilfelle fører Bella andlet til andlet med ein tidlegare dødsfiende, er det berre eit inngrep frå ein flokk overnaturleg store ulvar som bergar henne frå ei grufull lagnad, og møtet gjer det klart at Bella er i stor livsfare. I eit kappløp med tida lærer ho løyndomen til quileutane og den verkelege motivasjonen til Edward for å reise frå henne. Ho står også framfor ei potensielt dødeleg sameining med sine kjære som er langt unna det ho har drøymt om. Med meir lidenskap, tempo og spenning som gjorde Twilight til ein verdsomspennande suksess, er The Twilight Saga: New Moon ein gripande oppfølgjar. 2t 5 min
 
 
<<< Tilbake til filmlista
Filmar i september 2010
· Nanny McPhee og det store smellet
· Predators
· The Karate Kid
· Toy Story 3
· Inception
· Varg Veum - Skriften på veggen
· Away from her
· Knerten gifter seg

Oktober
· Knerten gifter seg