Filmnr 0850 I 2009 rapporterer eit sentralt panel av vitskapsmenn til leiarane i verda at jorda slik vi kjenner henne i dag, snart kan slutte å eksistere. Fram mot 2012 vert det utarbeidd ein plan for å berge så mykje av menneskeslekta som mogeleg, men det viser seg å vere umogeleg å berge alle. Medan Jackson Curtis (John Cusack) og dei to barna hans er på ein familietur i Yellowstone, snublar dei over eit enormt forskingsanlegg på botnen av ein uttørka innsjø og oppdagar den spådommen som regjeringa har halde hemmeleg. Jackson må ta saka i eigne hender og set i gang eit kappløp for å berge både sin eigen familie og seg sjølv, medan dei blir utsette for jordskjelv, vulkanutbrot, tsunamiar og alle dei naturkatastrofane naturen kan utsetja menneska for. 2t 30 min.