Volda Filmteater
Innhald
· Framside
· Program
· Filmarkiv
· Linkar
· Kontakt oss

SMS-varsling

Meld meg:
På Av 
Ditt mobilnummer:

17 again


Aldersgrense:
7 år
Filmnr 0828
Kven seier at du berre er ung ein gong? Kva ville du gjort dersom du fekk ein ny sjanse i livet? Det er skuleåret 1989. Mike O'Donnell (Efron) er stjerna på basket-laget på skulen. På sidelina står talentspeidarar som meir enn gjerne vil vise han vegen til å bli idrettsstjerne. Men i motsetning til det alle andre vil, bestemmer han seg for å slutte med sporten, og satse på eit liv med kjærasten Scarlett og barnet ho ber i magen. Mest 20 år seinare er dei gode dagane til Mike forbi, sola har gått ned, og natta nærmar seg. Ekteskapet med Scarlett er over, opprykket i stillinga gjekk til ein annen, og tenåringsbarna er ikkje lenger så stolte av pappa. Mike er dømd til å ta kontakt med den gamle bestekompisen sin, som no er millionæren Ned. Men han skal få ein ny sjanse. På mirakuløst vis blir Mike omskapt og er plutseleg 17 år att. Men endå om han plutseleg ser ung ut, er ikkje stilen hans like moderne lenger - skuleåret 2009. Medan Mike gjer alt for å vinne att dei beste åra sine, er sjansen stor for at han kan miste det beste som skjedde han i livet.
 
 
<<< Tilbake til filmlista
Filmar i september 2010
· Nanny McPhee og det store smellet
· Predators
· The Karate Kid
· Inception
· Toy Story 3
· Varg Veum - Skriften på veggen
· Away from her
· Knerten gifter seg

Oktober
· Knerten gifter seg
· Wall Street 2-Money Never Sleeps