Filmnr 0793 Roger Ferris (Leonardo DiCaprio) er den beste medarbeidaren den amerikanske etterretningstenesta har ute i felten, i område der eit menneskeliv ikkje er verdt meir enn informasjonen det kan gje. Korleis det skal gå med Ferris er ofte avhengig av stemma i den andre enden av den sikre telefonlina - CIA-veteranen Ed Hoffman (Russell Crowe) – når han opererer verda rundt, frå Midtausten til Washington. Hoffman går i krigen med ein berbar PC i stova heime i forstaden. Han er på sporet av ein ny terroristleiar som har sett i verk ei rekkje globale bombeattentat. Ikkje ein gong det mest avanserte etterretningsnettverket i verda maktar å avverje aksjonane. For å lure han ut i dagslys må Ferris infiltrere den skumle verda hans. Til nærmare han kjem målet, dess meir oppdagar Ferris at tillit både er ei farleg vare, og den einaste som kan bringe han levande frå oppdraget. 2t 6 min.