Filmnr 0763 Som me hugsar frå den fyrste ”Arn”-filmen, så møttest Arn Magnusson (Joakim Natterqvist) og Cecilia (Sofia Hein) som ungdomar. Dei høyrde til kvar si ætt, og det vekte harme at dei vart saman. Arn vart sendt som tempelriddar til Det Heilage Landet, medan Cecilia vart sendt i kloster for å gjere bot. Vel 20 år seinare har Arn vorte ein sterk krigsleiar som snart kan vende heim frå Det Heilage Landet. Han tapet det siste slaget i mot den muslimske krigsherren Saladin (Milind Soman), men vert teken vare på av han og kan seinare reise heim. Heime ventar Cecilia og ein ny krig - denne gongen ein krig for å få samle Sverige til eit rike. Begge desse to filmane er basrt på Jan Guillou sin populære romantrilogi. 2t 2 min.