Filmnr 0735 I ein tidsalder der menneske og beist barkar saman i kampen for tilvære, må ein ung krigar overbevise seg sjølv og stama si om at han er den som er utpeikt til å redde dei frå undergangen. Samstundes kan han vinne kjærleiken. I ei avsides fjellstamme har den unge jegeren D’Leh (Steven Strait) funne jenta i livet sitt, den vakre Evolet (Camilla Belle). Då ei gruppe mystiske krigsherrar plyndrar landsbyen hans og kidnappar Evolet, må D’Leh føre ei lita gruppe jegerar på sporet av krigsherrane til verdas ende for å redde henne. Krigerane må kjempe imot forhistoriske rovdyr, og på slutten av den merkelegereisa oppdagar dei ein heilt ukjend sivilisasjon. Her må dei gå til kamp mot ein mektig gud som har gjort folket til slavar. 1t 49 min.