Volda Filmteater
Innhald
· Framside
· Program
· Filmarkiv
· Linkar
· Kontakt oss

SMS-varsling

Meld meg:
På Av 
Ditt mobilnummer:

Beowulf


Aldersgrense:
11 år
Filmnr 0708
I riddartida skal mektige Beowulf (Ray Winstone) overvinne monstret Grendel. Han går sigerrik ut av kampen, men har ikkje rekna med den listige mora (Angelina Jolie) til Grendel. Den oppskakande kampen gjev gjenklang til alle tider og gjer Beowulf udøyeleg.
Krigaren Beowulf kjem danskekongen Hrothgar (Anthony Hopkins) til hjelp for å overvinne monstret Grendel, som har fjerna gledesrusen frå gildehalla Heort og omskapt halla til ei slagmark. Beowulf lover å gjera slutt på Grendel, og han overtyder skeptiske danskar med å vinne over monstret etter nok ei natt med blodbad. Så viser det seg at kampen langt frå er over. Den mektige mora til Grendel vil hemne misfosteret sitt av ein son, og arsenalet hennar av forførande verkemiddel viser seg å vippe sjølv Beowulf ut av balanse. Så kjem han attende til danskekongen og hevdar at heller ikkje mora skal utgjera noko trugsmål mot kongen og folket hans. Den tilårskomne kongen overlèt trona til Beowulf, som regjerer godt og lenge. Men Beowulf har teke ein løyndom med seg gjennom livet. Ein dag kjem det eit trugsmål som får til og med Grendel til å bleikne. 1t 54 min.

 
 
<<< Tilbake til filmlista
Filmar i september 2010
· Nanny McPhee og det store smellet
· Predators
· The Karate Kid
· Toy Story 3
· Inception
· Varg Veum - Skriften på veggen
· Away from her
· Knerten gifter seg

Oktober
· Knerten gifter seg