Filmnr 0706 Jerry Seinfeld er skaparen av "Bee Movie", ein komedie som kjem til å forandre alt du trudde du visste om bier. Ta ein grundigare titt på desse travle skapningane gjennom augo til ein av dei - Barry B. Benson (Emmy og Golden Globe-vinnar Jerry Seinfeld). Etter college-eksamen ønskjer Barry å få meir ut av livet enn den uunngåelege karrieren som ventar han og alle dei andre arbeidarane i New Hive City - eit arbeid hos Honex i honningproduksjonen. Barry tek sjansen på å våge seg ut av biekuba og kjem snart inn i ei verd bortanfor dei villaste draumane sine. Då Barry tilfeldigvis møter ein livsglad blomsterhandlar frå Manhattan som heiter Vanessa (Oscar-vinnar Renée Zellweger), bryt han ein av dei grunnleggjande samfunnsreglane til biene - han snakkar til henne. Snart utviklar det seg ein vennskap, og Barry får eit krasjkurs i livet til menneska. Når han oppdagar at kven som helst kan kjøpe honning rett frå hyllene i butikken, blir han sjokkert over at folk stel produkta til biene for å tene pengar på dei, og bestemmer seg for å saksøkje heile menneskeslekta. 1t 30 min