Filmnr 0705 Tidleg på 1970 talet var politikorrupsjon nokså vanleg i USA. Vietnamkrigen krevde sine offer, både ute og heime. Soldatar kom heim enten i likposar eller som avhengige av heroin. Det var dei kvite medlemene av Mafiaen som styrte salet av narkotikaen - heilt til ein svart forretningsmann blanda seg inn i leiken. Ingen hadde lagt merke til den stillfarne Frank Lucas (Denzel Washington) som var sjåfør til ein av sjefane i det svarte gangstermiljøet. No ser han sin sjanse til å bygge seg opp til å oppnå hans sin versjon av den amerikanske draumen. Sjølv om han aldri hadde gått på skule, hadde han samla seg kunnskapar frå gatemiljøet. Dette utnyttar han saman med streng forretningsetikk og overtek meir og meir av kontrollen over narkohandelen i byen. Den tøffe politimannen Roberts ( Russell Crow) er nær nok det som hender på gateplanet til at han forstår at det er på gang eit maktskifte i narkomiljøet. Han er sikker på at det er nokon som driv og klatrar i gradene - over dei kjende mafia-familiene, og han anar at det er ein svart person. 2t 30 min intens spenning!!