Volda Filmteater
Innhald
· Framside
· Program
· Filmarkiv
· Linkar
· Kontakt oss

SMS-varsling

Meld meg:
På Av 
Ditt mobilnummer:

5 løgner


Aldersgrense:
15 år
Filmnr 0679
Fem menneske vert fylgde gjennom eitt døgn i storbyen. Sams for dei er at dei har gått seg ville her i livet. Heldigvis har dei alle eit mål, eit håp og ein plan. 5 løgner er eit drama om å vera ærleg, også mot seg sjølv - saman ein stor dose svart humor. Det er enno att mange timar av døgnet då minstepensjonisten og horekunden Ragnar får trygda, kjøper seg morgonsex og førebur ei grundig feiring av 60-årsdagen sin. Ein annan stad i byen sparkar den vellykka forretningsmannen Torgrim ein tilsett medan han inviterer kona si og vennene sine på middag for å overraske dei med historia om suksessen sin som pappa - på TV. På storsenteret får kjøpesenterklovnen Ulrik endeleg sjansen han har venta på. Han er villig til å satse alt på å vinne NM i standup. Superseljaren Kristin bruker dagen på gata som medlemsvervar for Amnesty. Amnestyfesten om kvelden vil ho avslutte i senga si med Aleksander. Og ho har ikkje tenkt at rullestolen skal stoppe henne. I eit blokkhusvære på austkanten får postordrebrura Maya frå Ukraina veta at ho skal sendast heim. Ho er lei norske menn, men har likevel ingen planar om å godta at opphaldet i Noreg er over. 1 t 37 min.
 
 
<<< Tilbake til filmlista
Filmar i september 2010
· Nanny McPhee og det store smellet
· Predators
· The Karate Kid
· Toy Story 3
· Inception
· Varg Veum - Skriften på veggen
· Away from her
· Knerten gifter seg

Oktober
· Knerten gifter seg
· Wall Street 2-Money Never Sleeps