Volda Filmteater
Innhald
· Framside
· Program
· Filmarkiv
· Linkar
· Kontakt oss

SMS-varsling

Meld meg:
På Av 
Ditt mobilnummer:

Broen til Terabithia


Aldersgrense:
7 år
Filmnr 0665
Frå produsentane bak "Legenden om Narnia - Løven, heksa og klesskåpet" kjem ein film om vennskap, familie og den magiske krafta i fantasien! Det er historia om ein vennskap som skal forandre livet for to barn for alltid, nemleg Leslie Burke (AnnaSophia Robb) og Jess Aarons (Josh Hutcherson). Jess kjem frå ein storfamilie på landsbygda. Faren arbeider mykje og er ofte ute på reiser, medan mora er mest oppteken av alle systrene hans. Leslie er einebarn og kjem flyttande frå byen. Ho har fargerike, heimesydde klede som er heilt annleis enn kleda til dei andre barna. Foreldra til Leslie er kunstnarar og oppmuntrar stadig henne til å ta i bruk dei kreative evnene sine. Jess har aldri hatt ein verkeleg venn før han møter Leslie. Til å byrje med liker han eigentleg ikkje den nye jenta noko særleg, men begge to har dei det til felles at dei er utstøytte av klassa, og foreldra deira er opptekne av alle andre ting. Sakte, men sikkert, finn dei kvarandre, og eit sterkt og spesielt vennskapsband blir knytt.
Saman skaper dei fantasiverda "Terabithia". For å koma til dette fantasiriket djupt inne i skogen må dei over på den andre sida av elva. Dit kjem berre dei som vågar å slengje seg i tauet over den strie straumen. Jess og Leslie utnemner seg sjølve til konge og dronning i kongedømmet "Terabithia". Der møter dei magiske skapningar, sigrar over fiendane sine og får mange opplevingsrike timar. Og så, på det som skulle vera den fullkomne dagen, skjer det noko…1t 35 min
 
 
<<< Tilbake til filmlista
Filmar i september 2010
· Nanny McPhee og det store smellet
· Predators
· The Karate Kid
· Inception
· Toy Story 3
· Varg Veum - Skriften på veggen
· Away from her
· Knerten gifter seg

Oktober
· Knerten gifter seg
· Wall Street 2-Money Never Sleeps