Volda Filmteater
Innhald
· Framside
· Program
· Filmarkiv
· Linkar
· Kontakt oss

SMS-varsling

Meld meg:
På Av 
Ditt mobilnummer:

Blood Diamonds


Aldersgrense:
15 år
Filmnr 0646
Danny Archer (Leonardo DiCaprio) er ein tidlegare leigesoldat frå Zimbabwe
som no livnærer seg på lyssky aktivitetar i land som er herja av konfliktar og krig. I Sierra Leone kjem han i kontakt med fiskaren Solomon Vandy (Djimon Hounsou) som er skild frå fsamilien sin, og som no er tvinga til å arbeide med å utvinne diamantar for ei av opprørsgruppene. Han er heldig og finn ein stor og sjeldan diamant, som han greier å gøyme unna for vaktarane. Med denne kan han redde familien sin, og sonen Dia som vert verva som barnesoldat. Danny vert kjend med funnen medan han sit fengsla, men ser ein sjanse til å kome ut av helvete dersom han får kloa i den verdfulle diamanten. Han kjem også i kontakt med den amerikanske journalisten Maddy Bowen (Jennifer Connely) som er på jakt etter diamantsmuglarar. Dei tre dreg ut på ferda i ei jakt som kjem til å endre livet deira dramatisk. 2 t 18 min.
 
 
<<< Tilbake til filmlista
Filmar i september 2010
· Nanny McPhee og det store smellet
· Predators
· The Karate Kid
· Toy Story 3
· Inception
· Varg Veum - Skriften på veggen
· Away from her
· Knerten gifter seg

Oktober
· Knerten gifter seg
· Wall Street 2-Money Never Sleeps