Filmnr 0561 Sommaren 1963 leiter Ennis del Mar (Heath Ledger) og Jack Twist (Jake Gyllenhaal) etter arbeid. På eit brakkekontor i byen Signal treffer dei kvarandre for første gong. Jack skal vera gjetar og Ennis leiransvarleg for eit sauebeite over tregrensa på Brokeback-fjellet. Det vert den andre sommaren på fjellet for Jack, og den første for Ennis. Omrisset av ein vennskap vert synleg mellom ordknappe Ennis og den litt meir taletrengde Jack. Nokre gongar pratar dei om barndomen, andre gonger om framtida. Ofte held dei inne med orda, for dei skjønner kvarandre likevel. Vennskapen blir til eit forhold. Sesongen vert avslutta, og dei reiser kvar til sitt, men med eit brennande ynskje om å få meir tid saman. Begge treff kvar si kvinne og får barn, men finn ikkje lukka. Saknet etter kameraten frå Brokeback-fjellet er for sterkt. Ein dag møtast dei att. Gjensynet tenner elden som dei varma seg på for fleire år sidan. Dei held fram med å møtast, og lengselen etter eit varig forhold veks seg sterkare. Men kjærleiken kan vera tragisk. 2t 15 min