Volda Filmteater
Innhald
· Framside
· Program
· Filmarkiv
· Linkar
· Kontakt oss

SMS-varsling

Meld meg:
På Av 
Ditt mobilnummer:

Charlie og sjokoladefabrikken


Aldersgrense:
7 år
Filmnr 0506
Saman med fire bortskjemde born får fatigguten Charlie ein dag utanom det vanlege i den merkelege sjokoladefabrikken til Willy Wonka. Når dagen er omme, skal eitt av dei fem barna få ein stor premie. Men kanskje er det Willy Wonka sjølv som får den finaste premien - takka vera Charlie? Charlie Bucket bur saman med mor, far og fire besteforeldre i eit lite, skeivt og trekkfullt hus i skuggen av den enorme sjokoladefabrikken til Willy Wonka. Charlie drøymer om å koma innanfor fabrikkporten og sjå korleis alle godsakene blir til. Dei siste 15 åra har likevel ikkje nokon sett eit einaste menneske gå inn eller ut av porten, og Willy Wonka sjølv er like mystisk fordufta. Likevel produserer fabrikken enorme mengder sjokolade som blir sendt til alle verdshjørne. Ein dag kjem ei kunngjering som seier at Willy Wonka skal opne fabrikken sin for ein dag og vise fram heile produksjonen for fem heldige barn som kan finne gullbillettar gøymde i fem tilfeldige sjokoladeplater.Den første vinnaren er Augustus Gloop, som ikkje tenkjer på anna enn å stappe i seg søtsaker dagen lang. Deretter vinn Veruca Salt, som blir illsinna dersom faren hennar ikkje kjøper alt ho peikar på. Den tredje vinnaren er Violet Beauregarde, ein tyggjegummislafsar som er sjukeleg oppteken av konkurransar og premiar. Den fjerde som finn ein gullbillett er Mike Teavee. Han er irriterande veslevaksen og fiksert på fjernsyns-spel. Fatigguten Charlie finn ein pengesetel på gata, han kjøper ein sjokolade, - og han finn den siste gullbilletten!! I følgje med bestefar Joe kan Charlie endeleg få sjå innsida av drøymefabrikken og møte den merkelege Willy Wonka. Charlie frydar seg over alt det fantastiske dei får sjå. Dei fire andre barna er så bortskjemde at dei ikkje har evne til å glede seg. Dei får som fortent; ein etter ein må dei avslutte omvisinga før ho er slutt. Når det berre er Charlie som står att, avslører Willy Wonka kva som er den store premien. Charlies reaksjon overraskar Willy, og kanskje er det sjokoladekongen sjølv som får den beste premien til slutt. 1t 55 min.

 
 
<<< Tilbake til filmlista
Filmar i september 2010
· Nanny McPhee og det store smellet
· Predators
· The Karate Kid
· Inception
· Toy Story 3
· Varg Veum - Skriften på veggen
· Away from her
· Knerten gifter seg

Oktober
· Knerten gifter seg
· Wall Street 2-Money Never Sleeps