Filmnr 0501 Tre år er gått sidan Elling (Per Christian Ellefsen) flytta til byen saman med Kjell Bjarne (Sven Nordin) som hadde vore romkameraten hans på institusjonen Brøynes.Elling bur no åleine i husværet sitt og kjenner seg einsam, medan Kjell Bjarne har flytta ein etasje opp til Reidun (Marit Pia Jacobsen) og den vesle dotter hennar Mojo. Dei ser korleis Elling har det og prøver å få han på beina att. Nystelt og utkvilt forstår Elling kva som han manglar, og ein kveld møter han endeleg kvinna (Marian Saastad Ottesen) som kanskje kan redde han ut av einsemda. Han prøvar å innynde seg hos henne, og det ser lovande ut, men så kjem dei kjende motførestillingane hans, og historia endar ikkje heilt slik som han hadde tenkt seg. Likevel får Elling erfare at det går å kome seg gjennom det meste med trua på livet. 1 t 33 min.