Filmnr 0455 (Film nr 0455) Oliver Stone har regissert denne storfilmen om ein av historia sin mektigaste mann: Alexander den store (Collin Farrell). Han hadde berre 32 år gammal kjempa seg til det største imperiet verda nokon gong hadde sett. Fortid og notid møtest for å prøve å forme puslespelet om livet til Alexander. Filmen følgjer han på reisa hans til han blir ei levande legende. Frå barndommen av hadde han draumar om eventyr og ære. Han hadde eit turbulent tilhøve til foreldra - ein mektig konge og ei dronning som var innstilte på å gi barnet sitt trona same kva det kosta. Som hærførar fekk han intenst sterke broderlege band til sine nærmaste kumpanar og enorme hær, som slost saman med han på dei soltørka slagmarkene i det persiske imperiet - over snødekte fjelltoppar - heilt til India. Filmen sluttar med den einsame og mystiske døden til herskaren av eit vidstrekt rike, ein mann som omfamna idealet om at makta har sin eigen lagnad. Denne overveldande historiske soga til Oliver Stone om Aleksander den store kartlegg legenda om ein av dei viktigaste personlegdomane i verdshistoria. I tittelrolla møter vi Colin Farrell, og i andre roller spelar Angelina Jolie, Anthony Hopkins, Val Kilmer, Jared Leto, Rosario Dawson og Jonathan Rhys Meyers. 2t 56 min.